Red de Mujeres – kvinnenettverket til CEADL og regional samling i Sucre

Kvinnenettverket til CEADL er eit rom for formasjon og deltaking som vil redusere skilnadane mellom kjønn både på institusjonelt nivå og på lokalt og nasjonalt nivå. Dei ynskjer å opplyse og skape kompetanse blant kvinner på felt som menneske- og borgarrettar, seksuelle og reproduktive rettar, og sosial og politisk deltaking.

Målet med kvinnenettverket er å auke kvinner sin tilgong til medverknad slik at dei kan vinne fram i rom der avgjersler bli tekne. Arbeidet til kvinnenettverket vil på denne måten bidra til ei positiv endring av kvinner sine forhold i Bolivia. Det finst mange djuptliggjande årsakar for kvinner sin noverande situasjon, både historiske og strukturelle, som til dømes den underordna plassen til kvinner i eit patriarkalsk samfunn.
image.php?id=9201Med dette målet om endring ynskjer ein å foreine unge kvinner frå ulike kulturar, regionar, ideologiar og livssituasjonar gjennom eit nasjonalt nettverk. Det er samla ein kan utvikle og endre landet på nasjonalt nivå og demonstrere nødvendigheita av å ha eit demokratisk land i ordet sin rette forstand. Eit land med likskap mellom kvinner og menn i eit sosialt, politisk, økonomisk og kulturelt system utan rom for diskriminering.

image.php?id=919919. og 20.april møttest dei ulike lokale nettverka til ei regional samling i Sucre. På denne samlinga deltok over 40 unge kvinner frå fylka Chuquisaca, Cochabamba og Tarija. 2 dagar var sett av til føredrag, diskusjonar og gruppearbeid, og tema var offentleg politikk i samband med kvinner sin situasjon i Bolivia. I løpet av helga utarbeida deltakarane ei rekkje forslag som dei meinte var viktige å realisere for å betre kåra for kvinner her i landet. Fokuset vart retta mot sikker helseteneste, endring av synet på kvinner som objekt, opplysing om kvinner sine rettar, seksuelle rettar og familieplanlegging, likeløn, økonomisk støtte til einslege mødrer, desentralisering av høgare utdanning og yrkesfagleg utdanning for kvinner, og bevaring av og opplæring i ulike urfolksspråk.
image.php?id=9200Helga etter, 26. og 27.april, var det regional samling i La Paz, der fylka La Paz, Oruro og Potosí deltok. Oppmøtet var bra her og, nærare 40 kvinner i alle aldrar tok del i samlinga.Ei regional samling for kvinnenettverka i Orienten, i låglandet, har og blitt arrangert. På begge desse samlingane vart det forma forslag og krav for å betre kvinner sin situasjon i Bolivia.
Desse forslaga skal no takast med vidare til den nasjonale samlinga som skal finne stad i Santa Cruz 9. og 10.mai. Her blir det så utnemnt ein komité på 10 representantar som skal arbeide vidare med desse forslaga. Denne komiteen skal seinare reise til La Paz der dei vil møte med regjering og ulike ministrar for å fremje dei krava som har kome fram.  

Marita Mo
Land