Nei til rasisme!

Onsdag 18. juni arrangerte CEADL anti-rasismefestival i El Alto. Festivalen er eit ledd i ein større kampanje mot rasisme som CEADL nyleg har igongsett som ein reaksjon på hendingane i Sucre 24. mai, då det kom til konfrontasjonar mellom urfolk og høgreekstreme kreftar.   

Arrangementet baud på musikk, alt frå politisk bevisst rap til meir tradisjonell boliviansk folkemusikk, dramatisering av dikt og appellar. I tillegg kunne folk uttrykke sin avsky mot rasisme, og einkvar form for diskriminering, gjennom å måle på kvite tøystykke, og det var ei rekkje informative plakatar og stands om menneskjerettar. Det var særleg retta mot ungdom, men fekk og mykje merksemd frå den litt eldre garde, og det var i høgste grad ein vellukka dag.  

Marte Gustad Iversen
Land