Jordfordelingsprosessen vert hindra av jordeigarar og fylkespolitikarar i Santa Cruz

Sosiale rørsler og urfolksorganisasjonar jobbar hardt for å få søkelys på dei menneskebrota som finn stad i Bolivia i dag. Spenningane har auka i Santa Cruz då regjeringa prøvar å sette i gang jordfordelingsprosessen i regionen.

Dette er ei oversetjing av eit utdrag frå ein rapport til Menneskerettskommisjonen.

27. Februar 2008 prøvde ein regjeringskommisjon leia av Alejandro Almaráz frå viseministeriet for jord, nasjonale direktørar, Instituto Nacional de Reforma Agraria i Santa Cruz og ein delegasjon med Guaraní med Wilson Changaray som følgje(leiar av Asamblea del Pueblo Guaraní, APG), å initiere jordfordelingsprosessen ved legalisering av jord i Alto Parapetí i provinsen Cordillera i Santa Cruz fylke. Her blei dei angrepet av skot frå jordeigarar og innleidde personar då dei gjekk inn i ”Caraparicitos”, eigedommen til den nordamerikanske borgaren Ronald Larsen. Dei vart kidnappa og bortført i bilar frå området. 

Det vart prøvd å lage ein attest (av jordeigarar og fylkesmenn) i forsøk på å utsette jordlegaliseringa til etter 4. Mai. På denne datoen vert det utført ein konsultasjon i forhold til sjølvstyre, sett i gang av fylkestinget i Santa Cruz. Denne konsultasjonen vert gjennomført på sida av lova, og er ikkje godkjent av nasjonale valorgan, dei nye autonomistatuttane underkjenner den gjeldane jordlova.

4. april 2008, gjekk ein ny kommisjon, leia av dei tidligare nemnte myndigheitane frå regjeringa, funksjonærar frå INRA, politi og Guaraní, inn i urfolkslandsbyen Itacuatía. Her starta dei jordfordelingsprosessen. Her vart dei angrepet med steinar og stokkar av dei tidligare nemnte aktørane; kvegeigarar og styrker innleidde av Larsen.  Politiet klarte ikkje å hindre overfallet og måtte avstå frå å fjerne vegblokkaden. Det vart valdelege samanstøyt, særleg mot Guaranífolket og politiet. Ein av politimann som følgde regjeringskommisjonen vart alvorleg skada.

11. april 2008 vart det haldt eit møte av ” Det provinsielle rådet for folkeleg deltaking”. Dette er ein sosial kontrollinstans som er etablert på lovleg vis. Denne vart brukt av jordeigarane og lokale myndigheitar for å legge press på prosessen, med det mål å hindre jordfordelinga og frigjeringa av dei fanga Guaranífamiliane som er inne på haciendaane. På dette møtet gav dei ordre om å kaste ut Susana Rivero frå Ministeriet for rural utvikling, jordbruk og miljø og Alejandro Almaraz, samt andre funksjonærane frå INRA. Samtidig befalte dei oppretthaldinga av vegblokkadane på ubestemt tid. På nattetid drog ei gruppe med væpna menn til hotellet der funksjonærane budde. Desse mennene prøvde å ta dei til fange med makt. Ministeren Rivera hadde kome til staden for å prøve å setje i gang dialog, med  mål om å finne ein måte å gjennomføre jordlegaliseringa på.

13. april 2008, i landsbyen Cuevo ikkje langt frå Camiri, vart ein delegasjon med Guaranífolk avbrotne og brutalt angrepet av ei gruppe personar på oppfordring av jordeigarar frå regionen. 43 menneske vart såra, av desse er no 8 personar forsvunne.

Advokaten Ramiro Valle Mandepora y journalisten Tanimbu Estremadioro vart fastbundne til ein stokk midt på hovudplassen i Cuevo, her vart dei slått og torturert.

Journaliatane Nelson Villca, Taninbu Estramiodoro og Fernando Cola har blitt truga på livet og svartelista av fylkestingmedlem og undommar frå Union Juvenil Cruzenista.

Fylkestinget i Santa Cruz, som er ansvarleg for sikkerheita og liva til alle borgarar i Santa Cruz har bidratt med sine køyrety for å transportere dei som opposisjonerar seg til prosessen. Dei støttar også offentleg handlingane og blokkadane som er innført. Alt dette skjer med utgangspunkt i kampanjen for folkeavstemminga, initiert av fylkestinget til tross for offentlig og massiv avslag frå folket i området.

Kommunikasjonsmedia nektar eksistensen av familiar i fangenskap og personar som lev meir eller mindre som slavar i Alto Parapetí og generelt i Chacoregionen, og på dette vis manipulerar dei folkeopinionen.

I omlag 10 dagar har kvegeigarar og andre personar frå regionen laga vegblokkadar i forskjellige område. Denne situasjonen hindrar frigjering av gissel, evakuering av skada og leitinga etter dei forsvunne. I tillegg er det vanskeleg å få gjennomført humanitære aksjonar som hjelp til med å forhindre nye angrep og som tek vare offera. 

Marte Reenskaug Fjörtoft
Land