Sidan sist

-         Har det vore ferie, og stort sett heile brigaden har skjønt at Rio er akkurat like bra som alle seier.

-         Har det ikkje blitt bygd noko drivhus i Patria Livre.

-         Har familien til Emma slakta monstergrisen. Den blei til 80 liter banha og 75 kg salami.

-         Har vegetarianarane Kine og Siri vaska ei heil trillebår med kjøttfulle grillspyd. Æsj.

-         Har Siv satt ny rekord i antall ormar i tærne.

-         Har eit mystisk bartevirus spreidd seg til 100% av dei mannlege brigadedeltakarane.

-         Har Kine og Benedikte svinga seg på ordentleg brasiliansk bygdedans i Campos Novos.

-         Har resten av brigaden og svinga seg litt på MST sitt delstatsmøte. Ingen Encontro utan Baile!

-         Har brigaden laga sin fyrste Mìstica. Det blei observert raude auger blant tilskodarane, så det er ingen tvil om at det var ein suksess.

-         Har Ida på sluaste vis blitt fråstjålen ein PC i São Paolo. Denne store nyheiten spreidde seg heilt til lokalradioen i Curitibanos, som førte til at heile busetnaden visste om det når Ida kom inn døra heime.

-         Har vi fått ein ny koordinator. Hei Marte!

-         Saknar vi den gamle koordinatoren vår. Hei Elin!

-         Har TK og Siv vore på mopedtur og sett kvite sauer dele jorde med grøne palmar.

-         Har Siri lært akkurat kor høgt bruttoproteinnhald det må vere i fôret til ei gravid sugge.

-         Har ungane på Encontra Estadual tatt tusen bileter med kameraet til Martin. Du er alt for snill, mannen!

-         Har smådjevlar herja med Bård. Gjett kven som vant!

-         Har Ingrid Mariell besøkt ein busetnad med eigen fotballhall.

-         Har Petter hatt damebesøk i busetnaden. Heldiggrisen.

-         Har Ingrid blitt surfedronning - Den einaste som etter tre dagar i bylgjene i Trindade klarte å stå på brettet. Gratulerar!

-         Har vi budd i verdas finaste hus i morroen i Florianapolis. Takk til Elin og Ellen som leigde det til oss!

-         Er nokon blitt nødt til å telle timane som er att i Brasil fordi det ikkje fins nok dagar å telle lengre. Buhu!

-         Har vi begynt å glede oss til å fortelle dykk heime om alt vi har opplevd. Forbered dykk på lange einetalar.

Land