Escola Nacional Florestan Fernandes

Andre informasjonsperiode er i gong. Etter to dagar i São Paulo der me møtte CUT, Brasil sitt største fagforbund, og ein professor, José Juliano Carvalho Filho, med sans for jordreform, fekk me endeleg besøkje MST sin nasjonale skule me har høyrt så mykje om: Escola Nacional Florestan Fernandes. Det gjekk eit gisp gjennom bussen då me svingte inn på skuleområdet; ”Nossa Senhora, så fint det er her!”

Geraldo Gasparim, pedagogisk koordinator på ENFF, møter oss i hagen til ein prat om skulen si historie mellom palmer og banantre. Politisk skulering er ein sjølvsagt del av oppbygginga til ein organisasjon, og det har MST hatt fokus på heilt sidan organisajonen vart grunna i 1984. Tidleg på 1990-talet held MST sitt fyrste kurs i politisk skulering av aktivistar i byen Caçador, nord i Santa Catarina. Det neste tiåret held den nasjonale skulen til i denne byen, mykje grunna huset dei hadde til disposisjon der.

Caçador er ingen enkel by å kome seg til, og huset MST nytta seg av var ikkje ideelt for kurs- og skuleverksemd, to viktige moment bak vedtaket av 1996 som fastslo å byggje ein ny nasjonal skule. Til ei så stor rørsle trengs ein del ressursar, og kronerullinga over dei neste åra, ved mellom anna hjelp av skribentar, musikarar og kunstnarar, var uvurderleg. Støttekampen var internasjonal, og nærare hundre kommitear, flesteparten europeiske, bidrog med ymse kampanjar.

Sjølve konstruksjonen av den nasjonale skulen er ei solskinshistorie i seg sjølv - alt arbeid vart gjort i ekte dugnadsand. Med praktiske oppgåver på dagtid, og politisk skulering på kveldstid, slo MST to floger i ein smekk. Det vart brukt naturleg materiell, og alt som kunne, vart produsert av MST. For å sikre at det vart eit prosjekt som gagna den jamne MSTar, fekk alle som var med på byggjeprosessen ansvar for å vidareformidle både praktisk og teoretisk kunnskap til sine respektive busetnader.

”Okkuperte MST dette området?”, lurar Ingrid, og klarar ikkje skjule overraskinga når Gasparim svarar: ”Nei, området er kjøpt”. For MST er det viktig å unngå misbruk av konseptet sitt; jordokkupasjonar er til for å busetje menneske slik at dei kan starte matproduksjon og bli sjølvstendige. Ingrid sitt smil kjem fort på plass når Gasprim fortel at skulen sin grønsakshage ligg på okkupert jord.

I 2005 vart skulen opna, noko som vart feira av kring 5.000 vener frå inn- og utland, inkludert representantar frå nesten samtlege busetnader. Saman forma forsamlinga skulen sin karakter og langsiktige visjonar. Det fyrste kurset vart helde på skulen rett etter den store folkemarsjen til Brasilia i mai 2005. I dag vert det tilbode kurs i mellom anna jordbruksøkonomi og politikk, rural sosiologi, og politiske tankar i Brasil. Skulen tilrettelegg og for høgare utdanning i til dømes rettsvitskap, pedagogikk, historie, medisin og politikk.

”Det er fire Latifundios (storgods) som må parterast i dette landet”, seier Gasparim. Det fyrste er konsentrasjonen av jord, sidan ein prosent av folket eig førtiseks prosent av jorda. Det andre er konsentrasjonen av rikdom. Det tredje er konsentrasjonen av mediemakt, der ni familiar styrer all media i Brasil, og det fjerde er den ujamne tilgongen på utdanning.

Inspirasjonen spirar i oss, me tek opp hakke og spett, og tek fatt på den praktiske arbeidsøkta som i dag skal gå føre seg i grønsaksåkeren. Den todelte filosofien, med både praktisk og teoretisk arbeid, lev vidare den dag i dag.

Siv Ådnegard Skulstad
Land