Casanova

Alle tilstades i samfunnshuset i busetnaden 30 de Outubro har funne seg ein plass, musikken tonar i bakgrunnen, og inn døra kjem José Maria ”Juca” og Cleci ”Preta” Dos Santos, vertsforeldra mine, med MST-flagget imellom seg. Místicaen, MST si kulturelle uttrykksform, er i gang.

Etter tur vert det bere inn reiskapar, frukt og grønsaker, bøker, urtemedi­sinar, blomar, og ein miniatyrmodell av ein fargerik landsby. Eit ektepar heng opp ein stor plakat med bileter av trettitre hus. Ein tropp ungar viftar med ballongar, før dei hoppar på dei så det smell veggimellom, medan an­dre kastar blomar utover forsamlinga. Applausen står i taket, og MST-hym­nen vert stemt i gang. Tore Kristian og eg ser på kvarandre med Lulastjer­ner i augo. Samstundes peikar me på frysningane som går oppover armane våre, endå det er den varmaste dagen hittil i sumar, og samfunnshuset bok­stavleg talt kokar over.

Det er årsdagen for busetnaden som vert feira. Den 30. oktober 1988, som namnet så logisk gir ein peikar på, vart busetnaden danna, og med sine nitten år er den å finne i veteranrekkja til MST. Dagen vert feira årleg, men i dag er det meir enn berre fest som står på tapetet, det er den offisielle opninga av Casa Nova, Projeto Ha­bitacional (bustadbyggingsprosjekt). Vilson Santin, frå delstatsleiinga i MST Santa Catarina, ropar opp dei trettitre heldige familiane, som kvar får nøkkelen til sitt nye hus

overrekt på eit for anledningen nylaga MST-nøkkelknippe.

Busetnaden er fyrst ute, og fyrst i mål i delstaten. Prosjektet er føderalt, pre­sident Lula er mannen bak det heile. Casa Nova vart starta som pilotpro­sjekt i Rio Grande do Sul i 2005, og har no utvikla seg til å bli nasjonalt. Det står ferdige hus i delstatane Rio Grande do Sul, Paraná, São Paulo, og i dag vert altså Santa Catarina ført opp på lista.

Dersom ein bur på landet, er organi­sert i ei sterk sosial rørsle, og famili­en samla ikkje tener meir enn to min­steløner, har ein rett til å få eit nytt hus. Flesteparten av familiane i 30 de Outuro som innfridde vilkåra, takka ja til tilbodet. I nabobusetnaden, São José, som er på same alder, er over førti hus i byggeprosess. Økonomien i prosjektet er det mest festlege av alt – huset er nesten gratis! I busetnaden 30 de Outubro stiller INCRA (stat­leg etat for jordreform) med 18.000 NOK, Caixa Economica Federal (statleg utviklingsbank) med 9.000, medan eigendelen er på 9.000 NOK. Desse tala varierer mellom samfunns­gruppene som sett i gang med pro­sjekta, blant anna med storleiken på husa, og eventuell sponsing.

To soverom, bad, delt kjøken og stove fordelt på 46 m2 er ikkje all verdas plass for ein kjernefamilie, di­for er det tilrettelagt for vidare utbyg­ging av husa. Prosjektet minner om Husbankprosjekta i Noreg, familiane avgjer sjølv husfargen, resten av arkitekturen og konstruksjonen er fastlagt.

MSTarar er sosiale folk, så mange av dei gamle husa vil verte brukt som gjestehus. Det finst til og med familiar som byggjer Casa Nova for å bruke det nye huset til gjestar, medan dei sjølv held fram med å nytte det gamle, men dette er unntaket, for dei fleste har eit nytt hus vore etterlengta i lang tid. Nokre ynskjer å rive den gamle heimen for å bruke materialet til andre formål, medan andre kjem til å bruke den som lagerplass.

”Er husbygging i gamle, veletablerte busetnader noko å hoppe i taket for? Kva med alle nyetablerte busetnader, der folk i årevis bur i landbruksplast før ein får råd til å kjøpe så mykje som nåla i veggen?” Eg ser for meg medbrigadisten sitt kritiske blikk då eg fortalte om prosjektet sist gong me møttest. Ho hadde nettopp fått plastbrakka ho bur i oversvømt, og eg kjente at litt av entusiasmen min kring prosjektet stilna av. Ein plass må det jo tross alt byrje, prøvde eg å rettferdiggjere det med då.

No veit eg at dette berre er byrjinga, for støtta frå staten skal vere lik for alle. Det er ikkje til å leggje skjul på at det er ein lang prosess med flisespikkeri ein må igjennom før det står eit nytt hus i hagen. Det største problemet er at prosjektkassa er tom for peng i år sidan etterspurnaden har vore mykje høgare enn forventa. Problemet har jo si positive side, pengane har ikkje vorte kasta ut av vindauget, mange Casa Nova har vorte bygd. Tankane mine vender attende til samfunnshuset i 30 de Outubro, der det etter taling, klapping og klemming, er tid for skrøning, grilling og dansing. I rein begeistring let eg meg kue av det evige presset om å lære meg å danse til trekkspelpop-musikken deira , og takkar ja når mjølkemannen byr opp til dans. Trettitre nye hus, nesten gratis til folket, hæla i taket og tenna i tapetet- dette må feirast skapleg!

Siv Ådnegard Skulstad
Land