30 de Outobro

Bosetningen der Siv & Tore-Kristian bor

I busetnaden 30 de outubro, i kommunen Campos Novos, vart det ikkje gjennomført okkupasjon i regi av MST. I 1988 var det fleire konfliktar over landområder vest i Santa Catarina, fyrst og fremst i kommunane Camperé og Abelardo Luz. I lys av dette kjøpte INCRA opp den uproduktive jorda der busetnaden i dag ligg. Dei fyrste familiane kom til området 7. september 1988, og jorda vart gitt til MST på fredeleg vis.

Busetnaden 30 de Outubro var den fyrste MST-busetnaden i kommunen Campos Novos. Året etter skjedde same prosess like i nærleiken, og busetnaden São José vart oppretta. Dilson, som har budd i 30 de Outubro sida fyrste dag, er ikkje sikker på om São José vart kjøpt opp, eller okkupert, men han seier at det var ein avansert forhandlingssituasjon. I området der 30 de Outubro vart oppretta, vart tre ulike grupper, deriblant ei som allereie var tilknytt MST, samla. På grunn av at jorda i busetnaden var dårleg egna til dyrking, gjorde INCRA det obligatorisk for alle familiane å jobbe kollektivt. -Vi, som organisasjon, aksepterte ikkje dette i fyrste instans, fordi det var store skilnader mellom familiane med tanke på bakgrunn, kultur ynskjer, men vi vart nøydd til å akseptere det, fortel Dilson. På grunn av dette vart avlinga gjort kollektivt i 1988, -89 og -90. I denne perioden budde 96 familiar i busetnaden. Frå og med den fyrste avlinga, nytta familiane eit produksjonssystem, der halve dagen vart brukt til studier, samt diskusjon angåande korleis ein skulle organisere busetnaden, medan den andre halvdelen vart brukt til arbeid. Det var i denne perioden at jorda i busetnaden vart delt mellom familiane. Dermed vart oppdelinga offisiell med tanke på produksjon, noko som førte til eit komplisert politisk klima.

I dag er 30 de Outubro delt i eit kollektiv, Coopagro, og resten av busetnaden, som vert drive individuelt. Tilsaman bur 76 familiar i 30 de Outubro. Omtrent halvparten av husa i Coopagro står tomme, men –“Ingen kjøpte, og ingen selde! Ingen kjøpte, ingen!, sler Dilson hardt fast.

Land