–Vi dreg ikkje her i frå!

I over fem år har arbeidarane på den tidlegare sukkerrøyrsplantasjen Tentugal kjempa for bruksretta til jorda. INCRA (det statlege instituttet for jordreform) har ennå ikkje dukka opp for å registrera dei busatte og dele ut individuelle papir på jorda. Les om situasjonen i Tentugal.

Ein gong var staden dekka av frodig skog, og regionen ber framleis namnet "Mata Sul" (skogen i sør). Det var før portugiserane kom seglande over havet 1500 og den tid. Den opprinnelege skogen vart skifta ut med sukkerrøyr, og den folkeskrinne kysten vart invadert av portugiserar, afrikanske slavar samt likt og ulikt som kom seglande på utkikk etter eit nytt og betre liv.

 

image.php?id=705

 

 

 

Ein laurdag i mars 2002 og den tid, veltar tre spente nordbuarar (Hallgeir, Helga Anette og Torunn) og deira mangfoldige bagasje ut av ein "combi" på ein av plassane i Tentugal. Det finnst nemleg fleire plassar i denne busettinga som huser i underkant av 730 menneske. Blandt desse menneska skal dei tre brigadistane bu i tilsaman tre månader. Same kveld ligg dei i kvar si seng, i kvar sitt hus, hjå kvar sine familiar og er metta av inntrykk og optimistiske kva framtida gjeld.

 image.php?id=706

Menneska i Tentugal har jobba på sukkerrøyrsplantasje i uminnelege tider -når me freistar å få årstall, høyrer me berre "muito, muito tempo" (lang, lang tid). Det er heller ikkje vanskeleg å få auge på dei afrikanske anane hjå menneska som omgjer oss; når me traskar etter dei vuggande damene med oppvasken/klesvasken på hovudet på veg ned til elva, er det som å være i tjukkaste Afrika.

Dei siste åra har sukkerrøyrsindustrien i Pernambuco hatt det vanskeleg, og fabrikken som tidlegare fekk røyr frå området her, gjekk konkurs i '97/'98. Då fabrikken, lokalisert i næraste "storby" (Barreiros), gjekk konkurs, ville eigaren leiga ut jorda. Etter ei stund meldte det seg ein interessert leigar. Denne leigaren ville òg berre dyrke sukkerrøyr. Dette resulterte i at folket her satte foten ned for godt. Dei ville ikkje verte utnytta lenger. Dei hadde i tillegg ikkje fått det dei hadde krav på frå den konkursramma eigaren. Fagrørsla, kor kuttarane framleis var organiserte, støtta arbeidarane i kampen dei fyrste seks månadane. Då gav dei opp, og i henhald til Dudeca (”far” til Torunn), "rotta" dei seg saman med den tidlegare eigaren.

Sidan eigaren ikkje sa seg viljug til å betale det arbeidarane hadde tilgode, og han i tillegg krevde at dei skulle flytte frå Tentugal, gjekk dei til sak samstundes som dei kunngjorde at "vi dreg ikkje her i frå". Resultatet av rettssaka vart at folka fekk rett til å bu her til alt var avgjort.

Medan alt dette hende, vart busettinga vitja av MST som hadde fått høyre at jorda låg uproduktiv og at folka vart truga med utkasting. MST møtte berre godvilje hjå folket her og alle stod bak forslaget om okkupasjon for å få lagt jorda under jordreform.

Det vart satt opp ein teltleir med 120 telt på ei høgde sentralt i busettinga. Folk oppheldt seg der heile dagen, men drog ned til husa for å laga mat. Om natta sov alltid minst 20 personar der oppe -dette gjekk på skift. Etter ein månad kom politiet og satte fyr på heile leiren. Leiren vart reist på ny og satt fyr på att fleire gonger. Ein gong vart fire personar frå busettinga arrestert. Då drog folka her inn til Barreiros og demonstrerte. Fangane slapp fri etter ein dag. Ein annan gong kom politiet i lag med ein statsadvokat. Då vart politiet oppmerksame på at dei som okkuperte jorda var folk som var busette her, og ikkje folk utanfrå. Det vart då enklare å forhandle, det endte med at folket gjekk med på å ta ned telta og flytta ned til husa att om MST-flagget fekk stå. Flagget står der den dag i dag og vitnar om kampen folka her har gått gjennom.

Han som leigde jorda la fram eit forslag om at folket her kunne få bli buande og samstundes få 100ha jord (under 1ha/familie). Dette vart ikkje godteke: dei ville ha alt eller ingenting. Folket her fekk igjennom kravet om at heile den tidlegare plantasjen skulle leggjast under jordreform, men ennå har ikkje INCRA (det statlege instituttet for jordreform) dukka opp for å registrere dei busatte og dele ut individuelle papir på jorda.

Jorda er difor ennå ikkje delt ut til kvar einskild, og dei fleste mannfolka her arbeidar framleis med å kutte sukkerrøyr. Dette er trygt/vant og gir ei fast inntekt i dei meir eller mindre seks månadane sesongen varer. Berre rundt 60 familiar er registrert i busettinga sitt kooperativ ("Associação dos trabalhadores rurais do assentamento Tentugal"), tolv av desse sit i styret (alle menn). Av dei 60 familiane er det berre 30 som jobber aktivt ute på jordene. Det låge medlemstalet vert av Dudeca forklara med at folket her ikkje er vane med å vere sine eigne herrer, samt at jorda på papiret ennå ikkje er deira.

Etter at jorda er delt ut, vil folket her få utdelt dei låna dei har krav på -til produksjon og husbygging. Dei tradisjonelle plantasjerekkjehusa vil då mest sannsynleg verte revne og folk vil sette opp nye hus meir spredd utover. Greier dei ikkje å få det fyrste lånet til å gå rundt, vil dei sannsynlegvis gå tilbake til arbeidet dei hadde før dei prøvde seg som bønder, eller søkje nye jobbar i byen. Det er med andre ord spanande tider der framme ein stad. Tider dei tre nordbuarane, som i juni 2002 og den tid forlet Tentugal, ikkje vil vere ein aktiv del av.

Land