Piñera tilbake som president i Chile

Søndag 17.desember var det tid for andre omgang i det chilenske presidentvalet, og tidlegare president Sebastian Piñera tok seieren med klar margin.

Det var venta å bli ein jamn stemmegiving, og mange vart overraska då det etter kort tid vart klart at Piñera ville vinne med klar margin over venstrekandidaten Alejandro Guiller. Då alle stemmene var telt opp hadde Piñera vunne med heile ti prosentpoeng. 

Piñera var kandidaten til sentrum-høgrekoalisjonen Chile Vamos, og styrte landet i perioden 2010-2014, før noverande president Michelle Bachelet frå Sosialistpartiet. Milliardæren Piñera lovar ein marknadsorientert politikk og at det skal bli fart på økonomien som har slite med låge kobbarprisar.

Begge presidentkandidatane spegla veljarar som er kritiske til tradisjonelle politikarar, ei utvikling som ein også ser i mange europeiske land. Forretningsmannen Piñera manglar karisma, men får anerkjenning etter ei svært suksessfull forretningskarriere som tidlegare eigar av Latin-Amerikas største flyselskap LAN og ein av Chiles største tv-kanalar Chilevisión. Guiller, som representerte venstrekoalisjonen Nueva Mayoría, har ein kort politisk karriere bak seg med fire år som partiuavhengig senator. Gjennom valkampen har den kjente journalisten og nyheits-ankaren brukt dette bevisst, og har vore kritisk til dei tradisjonelle politikarane. Likevel, som representant for den sittande partikoalisjonen, kan Guiller neppe seiast å representere noko nytt i den chilenske politikken.

Valresultatet blir tolka i lys av ei høgredreiing i latinamerikansk politikk. Sittande president Michelle Bachelet frå sosialistpartiet hadde store planar om reform og ein meir rettferdig og sosial helse- og skulepolitikk då ho starta sin andre presidentperiode i 2014, men det skulle vise seg å bli ei stor utfordring å endre det neoliberale systemet som vart sementert gjennom to tiår med diktatur. Det er no usikkert kva som vil skje med desse reformene når Piñera flyttar tilbake i La Moneda i mars neste år. 

Jørdi Losnegård
Land