Inn i politikken

Trass i at valet av namn peikar tilbake på fortida som geriljarørsle, ser FARC ut til å bli eit breiare politisk parti enn venta.

(Bogotá, Colombia): Fredag 1. september lanserte den colombianske geriljaen FARC - EP (Dei væpna revolusjonære styrkane i Colombia - folkehæren) sitt nye politiske parti med ein kjempekonsert i sentrum av Bogotá. Opprettinga av deira nye parti er eit ledd i fredsprosessen mellom geriljaen og den colombianske regjeringa. Konserten samla mange musikkstiler som er mykje brukt i latinamerikansk sosial kamp. Hendinga trakk til seg fleire internasjonalt kjende artistar, mellom anna Ky-Mani Marley, sonen til den kjende musikaren Bob Marley. Salsa, vallenato, hip hop, ska, reggae og popmusikk vart spela før og etter geriljaleiaren Rodrigo “Timochenko” Londoño haldt sin første tale som ikkje-militær politisk aktør.

Noreg som modell

I tala kom det fram at Timochenko ser for seg eit annleis Colombia, med ynskje om strukturelle endringar der ein mellom anna vil kjempe mot korrupsjon. I talen trakk han Noreg fram som eit godt døme på eit land med høgt skattenivå der “folk betaler skatten med glede, fordi dei veit at det kjem til å komme tilbake til dei i form av velferdsgode som helse og utdanning”. Timochenko la også vekt på retten til helsetenester og utdanning, i tala som kjem til å bli huska som den første i det politiske partiets historie. Skydd av svakare grupper var også eit av punkta i tala, der kjøns- og seksualitetsmangfald, etniske minoritetar og kvinner vart spesifikt nemnt.  

Timochenko gjorde eit stort poeng ut av inkludering av urfolk på lanseringskonserten, og både urfolksgrupper frå Colombia samt ei gruppe frå USA var deltakande i markeringa.

Gamle akronymar, nye namn

Konserten inviterte lokalbefolkninga til å feire nedlegginga av våpen og slutten på krigen mellom regjeringa og FARC, men viktigast av alt fungerte det som ei offisiell lansering av partiet Den folkelege alternative revolusjonære styrken (Fuerza Alternativa Revolucionaria del Común/FARC). Partiet har altso vald å halde fast ved det belasta akronymet, som i over 50 år har symbolisert ein valdeleg venstresidegerilja i krig med staten.

Det har kome ulike kommentarar etter at FARC publiserte sitt nye namn, der noken nemner at namnet i seg sjølv nok ikkje bidrar positivt i å inkludere FARC i ein breiare allianse med venstresida i landet. Det å behalde akronymet vil også kunne vere med å oppretthalde dei negative konnotasjonane som finnest etter borgarkrigen. Samtidig vil det kunne vere vanskeleg for FARC å lansere seg politisk med eit heilt nytt namn, då det vil skape forvirring. Namneendringa til partiet har vore nøye gjennomtenkt, og problemstillinga har vore oppe i FARCs landsmøte, der motforslaget ”Nueva Colombia” (Nye Colombia) tapte. 

Logoen til FARC sirkulerte rundt på Plaza de Bolívar.

Som ein del av lanseringa av FARC som politisk parti, har dei ogso bytta logo. Den nye logoen (sjå bilde over) er ei rose med ei stjerne i midten. Rosa er universelt brukt som symbol på sosialdemokratiet, og stjerna er eit symbol på kommunismen, kjernen til heile partiet. I motsetnad til geriljaen, som var tydeleg marxistisk-leninistisk, har det nye partiet ikkje lenger marxist-leninisme som einaste politiske prinsipp, dette i eit forsøk på å samle folk utanfor dei tradisjonelle revolusjonære krinsane i Colombia. Diego Martínez, ein av FARCs juridiske rådgjevarar under fredsforhandlingane, meiner ogso at FARC no går i retning av ein breiare politisk plattform enn dei tidlegare har hatt. FARC har også bestemt seg for å ikkje stille med ein presidentkandidat til neste val, og vil heller prøve å nærme seg dei andre partia på venstresida for å byggje opp ein breiare allianse.

Ein ny aktør

Det blir spennande å sjå kva som vil skje med det politiske landskapet i Colombia det neste året, spesielt med tanke på at det skal haldast president- og kongressval neste vår. FARC har gjennom fredsavtala vorte garantert 5 seter i kongressen og 5 i senatet. Det kan ta tid før partiet klarer å kvitte seg med konnotasjonane frå den lange borgarkrigen, men ein ting er klart: den etablerte venstresida i Colombia har fått ein ny aktør.

Toppbilde: Rodrigo "Timochenko" Londoño held sin første tale som leiar av det lovlege politiske partiet FARC.

Marte Mørk (tekst)
Solidaritetsbrigadist i Colombia, hausten 2017.
Anniken Karlyme Wullum (tekst)
Solidaritetsbrigadist i Colombia, hausten 2017.
Marie K. Skogvang-Stork (foto)
Solidaritetsbrigadist i Colombia, hausten 2017.
Land