Chile lempar på forbodet mot abort

Førre veke tok Chile eit lite, men svært viktig skritt for å sikre kvinner sin rett seksuell og reproduktiv helse.

Chiles høgsterett slo fast at chilenske kvinner har rett til abort i tre tilfeller: dersom det er fare for kvinna sitt liv, dersom fosteret ikkje er levedyktig og dersom graviditeten er eit resultat av ei voldtekt. Det latinamerikanske landet har hatt ei av verdas strengaste abortlover, og sidan 1989 har abort vore totalt forbode. Med dette totalforbodet har Chile vore medlem i den høgst tvilsame klubben av land med ekstrem restriktiv abortlovgining, ein klubb som har vorte mindre og mindre dei siste 20 åra. 

Ein langdryg prosess

I januar 2015 la Chile sin første kvinnelege president, Michelle Bachelet, fram lovforslaget som skulle sikre kvinner tilgang til abort i dei tre unntakstilfella. Sidan den gong har debatten snigla seg gjennom både over- og underhuset i kongressen og no til sist i høgsterett førre veke. Der utfordra konservative politikarar lovendringa og hevda at liberaliseringa var grunnlovsstridig. Sjølv om den nye abortlovgivninga ikkje vil føre til fri abort, og sjølv om Chile framleis vil ha ein svært restriktiv politikk på området er det ingen tvil om at avgjersla frå høgsterett er historisk viktig for Chile, og ikkje minst for dei kvinnene som no vil få tilgang til ein trygg abort utan fare for å bli rettsforfølgd.

Allereie i 1931 liberaliserte Chile abortlovgivninga og opna for abort i visse tilfelle, men denne lovendringa vart reversert i 1989 mot slutten av det 17 år lange militærdiktaturet i landet

Eit likestillingsproblem

Den ekstremt restriktive praksisen på abort er eit symptom på at dei politiske partia i den demokratiske prosessen etter 1990 ikkje har tatt kvinner sine rettigheiter seriøst. Dette vart tydeleg då Michelle Bachelet frå det sosialistiske partiet (PS) la fram lovforslaget i 2015. Ho møtte stor motstand, ikkje berre frå den politske opposisjonen på høgresida, men også i sin eigen regjeringskoalisjon, og særleg frå det verdikonservative partiet Democracia Cristiana (DC).

Eit problem er at diskursen i abortdebatten har vore sentrert rundt retten til liv, medan det har vore lite fokus på at dette faktisk er eit likestillingsspørsmål, dette til tross for at Bachelet sjølv har vore tydeleg i sin diskurs. Etter domsavgjersla onsdag uttalte ho at «i dag har chilenske kvinner vunne tilbake ein grunnleggande rett. Retten til å bestemme over oss sjølve.» Bachellet-regjeringa har tatt fleire viktige skritt for å sette likestillingsspørsmål på agendaen. Den sittande regjeringa oppretta i 2014 eit eige kvinne- og likestillingsdepartement for å sikre ein koordinert likestillingspolitikk, og førre veke implimenterte ein også kvoteordninga som krev at dei politiske partia lyt stillle med minimum 40 prosent kvinner på vallistene til parlamentsvalet i 2018. Konservative stemmer murrar, men spørreundersøkingar viser at eit fleirtal i befolkninga støttar Bachelet.  

Forbodet har vore lite effektivt og svært farleg

Eit absolutt forbod har ikkje stoppa chilenske kvinner frå å ta abort. Jamfør tal frå Guttmarcher instituttet blir det gjennomført omlag 200 000 abortar årleg i Chile. I 2014, siste tilgjengelege tal, meldte chilenske helsemyndigheiter at over 33 000 kvinner vart lagt inn på sjukehus det året grunna komplikasjonar etter abortar. Desse kvinnene risikerer opp til fem års fengsel, og dei siste elleve åra har 378 kvinner vorte straffeforfølgde. Sjølv om talet på saker som vert straffeforfølgde relativt til talet på abortar er lågt, gjer denne trusselen at mange kvinner kun oppsøker helsevesenet som siste utveg. Forbodet stoppar altså ikkje kvinner i å ta abort, men hindrar kvinnene ei trygg og god behandling i helsevesenet. Slik viser tala at eit forbod neppe er vegen å gå, både med tanke på kvinnehelsa, men også med tanke på å senke talet på abortar. ‘

Liberaliseringa i abortlovgivinga er eit viktig skritt i rett retning for å sikre ein opnare debatt. Det er viktig å utfordre konservative diskursar som har dominert media og offentleg debatt gjennom mange år, med sikte på å lette tabuet rundt seksuelle og reproduktive rettar. Eit viktig skritt ville til dømes vere ein seriøs nasjonal strategi for å sikre ei god seksualundervisning for alle chilenarar, uansett økonomisk bakgrunn. Målet må vere at alle barn og unge skal få tilgang til god informasjon og ikkje minst billeg og lett tilgjengeleg prevensjon. Førebygging av uønska graviditet, og barn og kvinner sin rett til helse og eit verdig liv burde slik stå i fokus for debatten. Dette er ein viktig diskusjon som må takast i det demokratiske Chile, og ein må spørje seg om korleis ei lov innført under militærdiktaturet, bygd på ein religiøs diskurs som ikkje tar kvinner sine rettar på alvor, framleis kan ha legitimitet i Chile i 2017.  

Jørdi Losnegård
Prosjektmedarbeider i brigadeprosjektet
Land