Den folkelege kamp og den nyliberale motoffensiven i Latin-Amerika

Den globale politiske og økonomiske eliten har alltid vore interessert i Latin-Amerika sine resursar. Men venstreorienterte land har forsøkt å hindre denne utplyndringa av kontinentet, og gje sine folk sjølvråderett og rettferdig fordeling av økonomien. Vil desse endringsprosessar framleis halde fram og styrke seg?

I Argentina vann høgrekandidaten Macri i 2015, etter ein stygg kampanje mot Cristina Fernández de Kirchner og hennar parti sin kandidat Scioli. I Brasil pågjekk det i 2016 ein beinhard kampanje mot president Dilma Rousseff med riksrettssak og avsetting av presidenten. Den nyliberale høgrepolitikaren Michel Temer har no presidentvervet. I Venezuela vann høgreopposisjonen MUD eit 2/3 fleirtal i nasjonalforsamlinga mot regjeringspartiet PSUV i 2015.

Latinamerikanske organisasjonar som Celac (Comunidad de Estados Latinamericanos y Caribeños) starta i 2011 og ALBA (Den Boliviarianske Alliansen for Vårt Amerika) er døme på at utviklinga er i regionen sine eigne hender, utan USA. Celac er eit svar på OAS (Organisasjonen av amerikanske stater), der USA tradisjonelt set dagsorden. USA og Canada er ikkje med blant dei 33 medlemslanda i Celac. Men det er også splitting mellom latinamerikanske land, som opprettinga av Alianza del Pacifico mellom Colombia, Chile, Peru og Mexico er døme på. Til tross for dette er USA sin dominans i regionen kraftig utfordra med tettare samarbeid mellom landa gjennom samarbeidsorganisasjonar som Celac og ALBA.

Likevel fiskar imperialismen i rørt vatn. Dårlegare økonomiske tider, folk sin misnøye med korrupsjon og økonomisk rot på heimebane, og kraftige kampanjar mot venstreretta regjeringar med hjelp både innan- og utanfrå, er ein giftig miks for kontra-offensive krefter å bruke.

Store multinasjonale kapitalkrefter ventar på endå meir åtsel.Mot dette må endringsprosessane sine folk og regjeringar styrke seg og læra av sine feil. Korrupsjon og økonomisk vanstyre må takast på alvor. Folkelege organisasjonar er viktige i den sosio-økonomiske kampen, men også som folkeleg demokratisk motkraft mot politisk elitisme og anti-demokratisk vald og kampanjar. Tre nasjonale val i 2017 vil gje noko svar på trenden i utviklinga. To er i Ecuador og Chile, der president og parlament skal veljast. Eit er i Argentina der parlament og senat er på val. Ecuador er det einaste av desse landa som har eit progressivt venstrestyre og er difor ganske avgjerande for utviklinga vidare.

Årsmøtet i Latin-Amerikagruppa i Bergen vil stå solidarisk i kampane til dei folkelege rørslene i eit utfordrande 2017.

Fråsegn vedteke på landsmøtet til Latin-Amerikagruppene i Norge 4.-5. mars