Kvinner på landsbygda bygger fred i Colombia

Foto: Chris Ford

Foto: Chris Ford

Vil du vite korleis me som er kvinner og bønder på landsbygda ser på den væpna konflikten og kva for ein fred me ønskjer oss?

Artikkelen har tidligere stått på trykk i LatinAmerika #1 2017

For ei stund tilbake kunne ein sjå smilande menneske på TV som fortalte oss at freden er kommen til Colombia. Endeleg, etter 50 år med krig, hadde FARC og den colombianske regjeringa med Juan Manuel Santos i spissen skrive under ein fredsavtale på Cuba. Dei som har fortalt deg om fredsavtalen tidlegare har ganske sikkert vore bedriftseigarar, politikarar og andre mektige, men no tenker eg at det er på tide å høyre frå ei kvinne på landsbyda. Det er jo tross alt me som kvar dag må leve med konsekvensane av den væpna konflikten i landet vårt. 

Colombianske bønder pressa


Ein kan seie mykje fint om livet som bonde, men dei siste åra har det blitt vanskelegare og vanskelegare å leve eit slikt liv på den colombianske landsbygda.

Eg kjem frå høgfjella i sentral-Colombia og har heile livet budd på landsbygda. Fotferdene mine har gitt meg og dei andre bøndene kunnskap om korleis ein skal dyrke jorda og kva verdiar ein skal følje i livet. Me ser på oss sjølve som audmjuke og ærlege folk. Ein kan seie mykje fint om livet som bonde, men dei siste åra har det blitt vanskelegare og vanskelegare å leve eit slikt liv på den colombianske landsbygda. På den eine sida blir me trua av krigen og dei væpna aktørane, og på den andre sida har ein alle problema knytt til den djupe fattigdommen me er fanga i.

Områda våre er under press, og ikkje minst går dette utover oss kvinnene. Me har mista søner og døtrer, ektemenn og andre familiemedlemmer i denne grufulle krigen. Krigen gjer oss redde for å gå ut, redde for me ikkje vil komme heim att om kvelden. Politikarane har gløymt oss kvinner. Det er svært vanskeleg for ei kvinne på landsbygda å skaffe seg utdanning eller helsetenester som er tilpassa hennar behov. I tillegg eig me ikkje jorda me dyrkar og dette gjer oss endå meir utsette. På grunn av alle desse utfordringane flyttar mange kvinner til byane. Resultatet er at størstedelen av den rurale befolkninga i dag er vaksne menn.

Med alt dette i bakhovudet konkluderer me med at det er viktig at me kvinner på landsbygda tek ansvar i fredsprosessen. Freden må byggast nedanfrå. Me kan ikkje lenger vente på at regjeringa skal bygge freden for oss, når det einaste dei ser til å vere interesserte i er å selje naturresursane i områda der me bur til transnasjonale selskap. Dei synest verken å vere interesserte i bøndene eller kvinnene og vår innsats for å skape utvikling og eit betre samfunn.


Kvinner spelar ein viktig rolle


Når kvinnene i nabolaget vårt møtest snakkar me ofte om dette temaet, og me meiner at er viktig å gi folk eit alternativ til krigen. Me meiner at me som kvinner spelar ein viktig del av fredsprosessen, og me ønskjer å dele våre erfaringar og å gi våre barn den kunnskapen dei treng for å fortsatt kunne bu på landsbygda. Me vil at dei skal lære om agroøkologisk jordbruk og dei flotte verdiane i bondekulturen. Difor organiserer bønder i min landsby seg i ein organisasjon som heiter Landsbybutikken.

I denne organisasjonen har me ei eiga kvinnegruppe. Me er medlemmer i eit landsdekkande bondenettverk som heiter CNA og Folkekongressen. Dette er nettverk der me møter andre organisasjonar og diskuterer kva for ein fred me ønskjer for Colombia. Eit at dei forslaga me har komme fram til heiter «Sivilsamfunnet sitt alternative forhandlingsbord». Meininga med dette forslaget er at alle colombianarar skal få moglegheit til å diskutere og uttale seg om fredsprosessen.


Tida er komen


Det siste i rekka av viktige hendingar i Colombia var nei-sida sitt fleirtal i ei folkeavstemming som skulle legitimerer avtalen som var underskrive av regjeringa og FARC. Like etterpå vant Juan Manuel Santos fredsprisen. Så vart ein ny avtale underskriven i november i fjor, og godkjent 1. desember. Folk er no usikre på korleis implementasjonen av avtalen vil utarte seg.

Desse hendingane vekte sterke kjensler og ikkje minst usikkerheit i det colombianske samfunnet. Kva skjer no som folket har sagt nei til fredsavtalen? All denne usikkerheita gjer det endå viktigare enn tidlegare å mobilisere seg.

Tida er kommen for bondekvinnene i Colombia. Me må sørge for at våre forslag og idear blir høyrde når innhaldet i den endelege fredsavtalen skal avgjerast. Me som kvinner vil løfte fram løysingar som tek tak i dei underliggande problema i den væpna konflikten og løysingar som tek omsyn til den rurale befolkninga. Me vil ha ein avtale som gjer det mogleg for oss å leve verdige liv, fortsette å dyrke jorda vår og halde kunnskapen og bondekulturen ved like. Tida er inne for at kvinnene tar del i fredssamtalane og arbeidet for ein fredsavtale som legg grunnlaget for forsoning og eit verdig liv for alle colombianarar. Me vil framleis bu på landsbygda, og me er villige til å kjempe for det.


Teksten er omsett av Jørdi Losnegård.

: Martha Lucía Rodriguez (34) er bonde og aktivist i Det colombianske bondenettverket CNA. Denne hausten har ho delteke på Latin-Amerikagruppene si utveksling for latinamerikanske grasrotaktivistar i Norge. Foto Genderson Calderon.

Martha Lucía Rodriguez
Sør-Nordbrigadist med LAG fra Colombia hausten 2016. Rodriguez kjem frå småbondeorganisasjonen CNA.
Land