Ei rekke drap på aktivistar dei siste dagane

Foto: Isidro Baldenegro López under tildelinga av Goldman Environmental Prize. (goldmanprize.org)

Foto: Isidro Baldenegro López under tildelinga av Goldman Environmental Prize. (goldmanprize.org)

Det er risikabelt å vere aktivist i Latin-Amerika. Å organisere seg for å forsvare rettane sine eller protestere mot urett kan ha ein høg pris.

Rapporten On dangerous ground frå 2015 viser at Latin-Amerika er den regionen i verda der flest personar blir drept for å forsvare jord og miljø. Dei siste dagane har fire nye aktivistar måtte bøte med livet etter å ha engasjert seg for menneskerettar, fred eller miljøvern. 

Tirsdag 17. januar blei småbonden don Sebastián Alonzo Juan drepen i San Mateo Ixtatán i Guatemala. Drapet skjedde i ein konfrontasjon mellom politi, paramilitære grupper og aktivistar frå lokalsamfunnet Juan var ein del av, etter at dei i lengre tid har protestert mot utbygginga av eit vasskraftverk i området. 

Dagen før blei 42 år gamle Laura Leonor Vásquez Pineda avretta i sin eigen heim i Jalapa, også i Guatemala. Ho hadde vore aktivist i Comité en Defensa de la Vida y la Paz de San Rafael (komiteen til forsvar for livet og freden i San Rafael), som jobba mot gruvedrift i området. Ei sølvgruve drive av det canadiske selskapet Tahoe Resources har øydelagt for jordbruk i området sidan 2007, og lokalsamfunnet har mobilisert til protest. Vásquez hadde gått igjennom månadar med svertekampanjar og truslar før ho blei drepen. Ho blei saman med 16 andre aktivistar skulda for valdelege demontrasjonar i 2013, og for dette blei ho fengsla i sju månadar. Skuldingane om vald er ikkje bevist, og demonstrantane nektar for at demonstrasjonen var valdeleg. 

17. januar var også datoen då leiaren for fredsorganisasjonen CONPAZ, afrocolombianske Emilsen Manyoma, blei avretta saman med ektemannen Joe Javier Rodallega. I ei tid der Colombia går igjenom ein historisk fredsprosess og geriljagrupper legg ned våpena ser likevel ikkje valden og forfølginga mot politiske aktivistar ut til å bremse. Drapet på Manyona er det siste i ei lang rekke drap mot aktivistar som har skjedd mens fredsprosessen har pågått. Ein varig fred i Colombia tilseier også at ein må skape tryggleik frå paramillitære styrker som truar sosiale rørsler.  

I Mexico har miljø- og urfolksaktivisten Isidro Baldenegro López blitt drepen etter fleire månadar med drapstruslar. Han jobba for å bevare urfolksterritorier frå ulovleg tømmerhogst, og har tidlegare motteke Goldman Environmental Prize for arbeidet. Baldenegro tilbrakte 15 månadar i fengsel etter at også han blei kriminalisert for å protestere. I staden for å beskytte aktivistar, ser ein ein tendens til at dei blir skulda for vald og andre kriminelle handlingar. Samstundes blir store selskap går fri frå utnytting og ressursran.

Felles for alle desse drapa er at offera er aktivistar som kjempar for menneskerettar, sosial rettferd eller miljøvern. Myndigheitene i Colombia, Mexico og Guatemala har eit ansvar i å beskytte ytringsfridommen og menneskerettane til borgarane i landet. Fredeleg aktivisme blir ei farefull affære når myndigheitene ikkje ivaretek sikkerheita til politiske aktivistar. I nokre land, som Guatemala og Mexico, bidreg også styresmaktene aktivt til undertrykkinga.  Dette er eit demokratisk problem fordi det sprer frykt for politisk motstand, og eit menneskerettsproblem som påverkar heile lokalsamfunn. 

Kai Viljar Eidsvik
informasjonsmedarbeidar i Latin-Amerikagruppene i Norge