Som om slavetida var tilbake

Foto: Nyleg planta eukalyptus.

Foto: Nyleg planta eukalyptus.

I dag er dei fem leiarane i quilomboen São Domingos sikta for tjuveri av selskapet Fibria. Dette for å kjempe for den jorda som rettmessig er deira.
Quilombolo

* Etterkommarar av afrikanske slavar som rømde frå slaveriet i Brasil 
* I dag er det opptil 700 quilombo-samfunn i Brasil 
* Brasils grunnlov av 1988, artikkel 68 erklærar at quilombo-samfunn har rett på områda dei har budd på over lengre tid.


Artikkelen har tidlegare stått på trykk i LatinAmerika #2 2016

Over dei siste åra har quilombolaene i São Domingos i Espirito Santo, og i området rundt, blitt fordrive av celluloseselskapet Fibria.  

 – Dei tar frå oss heimen, dei tar frå oss maten vår, dei har tatt frå oss alt i naturen sidan eukalyptusen kom hit til Espirito Santo. Vi skal ikkje bli eit offer, men vi har ikkje moglegheit til å overleve slik det er no. Vi har ikkje utdanning, vi har ikkje arbeid, vi har ikkje økonomiske forhold til å vidareføre kulturen vår. Selskapa hjelper oss ikkje med noko som helst, seier Domingo Jeronimo. 


​Arresterte av opprørspoliti


– Selskapet har meldt 30 personar til politiet, alle herfrå. Ein dag kom dei og arresterte oss alle. Dei parkerte med bussar, hundar og hestar på fotballbana, og gjekk så frå dør til dør og arresterte oss. Dei sprang etter oss med våpen. Det var som om slaveriet var tilbake, seier Altiane Blandino. Han sit på kjøkkenet sitt i São Domingos. Han sit med kaffikoppen i eine handa, og aipim i den andre, ei kake laga av maniokplantene frå den stadig tørrare åkeren han har på utsida. Utanfor står eukalyptusen, rak i ryggen, heilt stille. 

Saman med Domingo Jeronimo, Antonio Marcos Blandino, Marcos Blandino og Milton dos Santos er Altiane Blandino tiltalt av celluloseselskapet Fibria for steling av småkvist frå deira område. Mange quilombolaer er avhengige av å samle kvist og ved frå skogen som dei lagar trekol av. Tidlegare hadde quilombolaene ein avtale med selskapet om at dei kunne ta det treverket som ikkje kunne brukast til cellulose. September 2015 avslutta selskapet brått denne avtalen. Kort tid etter tok tungt væpna opprørspoliti seg inn i busettinga, og tok med seg dei fem tiltalte. 

– Dei behandla oss som om vi smugla dop og våpen. Vi vart arresterte klokka fire om morgonen i heimane våre. Eg hadde seks pistolar retta mot hovudet mitt. Etter ein lang samtale vart eg eskortert ut av to politimenn. Det var ingen som fortalde oss kva det var som skjedde, fortel Domingo Jeronimo om dagen dei vart arresterte. 

Dei fortel om ein svært kritisk situasjon, der selskapet er mektigare enn folket som bur i regionen. – Selskapa er sterke fordi dei brukar makt, medan vi verken har våpen eller evna til å lese. Vi har ofra alle våre krefter, medan dei framleis har mykje å spele på. Dei har utdanning, politi og dei har staten på si side, seier Marcos Blandino.


Altiane Blandino og Domingo Jeronimo er to av dei tiltalte quilombolaene. (Foto: Håvard Søndenå)

Herrelaus på papiret

Mange quilombolaer er avhengige av å samle kvist og ved frå skogen som dei lagar trekol av.


– Denne jorda hadde ingen eigar då forfedrene våre kom hit. Dei rømde og busette seg her kor dei kunne jobbe som dei ville. Dei dyrka jorda og bygde brakker og småhus, og dyrka her og der, fortel Altiane Blandino. Under og etter slavetida rømde mange slavar til skogen. Dei hadde ingen papir på jorda som dei etter kvart skapte samfunna sine på. Dette gjorde det lett for celluloseselskapa å etablere seg i området. 

– Fibria berre drog inn på mange, mange jorder og kalla seg sjølv for eigarar. Frå mange av åkrane fjerna dei folket vårt. Dei sa at viss vi ikkje forlét staden ville dei øydelegge husa våre. INCRA (Det Nasjonane Institutt for Kolonisering og Jordreform) viste meg på kartet enormt mange jordområde utan eigar. Og alle desse er i selskapet si hand, fortsetter Domingo Jeronimo. 

 

Vassmangel og tørke


I følgje Altiane er 90 prosent av området deira okkupert av eukalyptusplantasjar eller sukkerplantasjar. Nærværet til eukalyptusen skapar store problem for quilombolaene.

– Dei har 30 store tankbilar som i gjennomsnitt tar 15 000-20 000 liter vatn. Kvar tankbil køyrer meir enn fem turar dagleg. Ein innsjø har allereie tørka ut. Så mykje vatn har dei tatt frå oss til eukalyptusen sin. Vi i lokalsamfunna må grave hol for å finne vatn. Vi klagar, vi har bedt dei, vi har trygla, men dei sett opp sikkerheitpersonell og fortsett utan stopp, seier Marcos Blandino. 

Eukalyptusen er svært effektiv når det gjeld å ta til seg vatn og næring. Dette gjer at jorda som quilombolaene livnærer seg av blir svært vanskelig å bruke. Elvene og innsjøane dei tidlegare har fiska i tørkar ut og fisken døyr. 


Kven er tjuven?

– Dei seier det vi gjer er tjuveri, men dei første tjuvane her var dei.


Sjølv om det er første gong quilombolaene er skulda for steling av trevirke, er det ikkje første gong selskapet skuldar på dei for ugjerningar gjort på eukalyptusplantasjane. 

– Når det oppstår brannar på plantasjane legg dei skylda på oss. Så lenge dette skjer i vår region, så er det vår kultur, vårt vatn, våre elver og hus som forsvinn. Derfor ønsker vi ikkje å gjere slikt. Men dei skuldar på oss uansett, seier Domingo Jeronimo. 

Ironien i historia er likevel: Den jorda Fibria meiner quilombolanene stel var det selskapet som først tok frå quilombolaene. – Dei seier det vi gjer er tjuveri, men dei første tjuvane her var dei. Den dagen dei kallar meg tjuv, vil eg seie til dei: Den første tjuven som kom hit, det var selskapet Aracruz. Dei sender opprørspolitiet på oss, dei tar oss vekk frå landet vårt. Det einaste selskapet ønsker i dag, er å få oss vekk, fordi vi gjer motstand, avsluttar Altiane Blandino. 

Nyleg planta eukalyptus pregar landskapsbilete rundt quilomboen São Domingos (Foto: Håvard Søndenå)

 

​​Fibria Celulose

* Verdas største produsent av eukalyptusmasse, som blir brukt til å produsere papir. 
* Grunnlagt på 1960-talet av nordmannen Erling Lorentzen som Aracruz Celulose. Lorentzen solgte seg ut av selskapet i 2008.  

Vilde Gjerde Lied og Håvard Søndenå
Deltakarar på LAGs solidaritetsbrigade i Brasil hausten 2015.
Land