Tilbake til landsbygda

I dag pågår ein stor urbaniseringsprosess i Latin-Amerika, men for bøndane i Dei jordlause si rørsle (MST) i Brasil er trenden motsett. Dei flyttar heller frå byen tilbake til landsbygda for å okkupere jord dei kan dyrke.

Artikkelen har tidlegare stått på trykk i LatinAmerika #1 2016

Maria Souza Santos sit i sitt provisoriske hus, i MST-okkupasjonen Merival Ferreira, i delstaten Bahia, nord-aust i Brasil. Utanfor døra bugnar det i salatar, løkar, urter og ulike frukttre. Før budde ho med heile familien sin i byen like ved, Medeiros Neto. For to år sidan flytta dei alle til Merival Ferreira, foreldre, bror og søster, med familie, barn og ektemakar. Maria jobbar i dag på skulekjøkkenet i busettinga.

– Vi kjende ikkje til kampen for jord før vi kom hit. Både eg og resten av familien har eit liv i byen bak oss. Her er livet rolig. Du plantar, haustar, eter, selger og gir. Før visste eg ingenting om korleis ein dyrka jord. Det veit eg no. No kan eg plante, hauste og ete. Det siste er det beste, seier ho, alltid med eit smil på lur.

Nesten halvparten av all dyrkbar jord i Brasil er eigd av 1,6 prosent av jordeigarane, og store delar av jorda ligg brakk. Mykje jord er konsentrert på få hender, stort sett i hendene på store godseigarar og utanlands kapital. MST (Movimento dos Trabalhadores Rurais Sem Terra) kjempar for ei rettferdig jordfordeling og deira største våpen er jordokkupasjonen. Dei driv ei aktiv jordreform ved å okkupere storgods, fabrikkar og gruver, samtidig som dei bygger nye samfunn og arbeidsplassar på landsbygda.


Tvunget til byen

Dei rurale områda i Brasil er ofte prega av dårlege helse- og skuletilbod. Store delar av jorda er okkupert av monokulturar som tørkar ut jord og elvar. Dette gjer det vanskelegare å leve som små bønder eller fiskarar. Som følgje av effektiviseringa av det industrielle jordbruket, går sysselsetjinga ned. Folk blir tvinga til byane der dei ofte hamnar i periferiane, i såkalla favelaer, der det ofte er mykje vald, narkotika og dårlige offentlege tilbod.

- Livet i byen var ikkje bra. Det var ein kamp, ein større kamp enn her. I byen var det dyrt, vi leid mykje. Sonen min drakk, og kompisane hans var ikkje bra for han. Etter at vi flytta hit, slutta han. I byen jobba eg mykje: på restaurant, på kafé, på pizzeria, eg hadde mange jobbar. Enkelte var om dagen, andre om natta. No reiser eg til byen for å selje det eg skaper her. Mannen min som tidlegare jobba med å legge brustein i gatene, jobbar i dag på jorda vår. Det er bra no. Det er mange bekymringar i byen, det er ikkje slik her. Eg kjem aldri til å vende tilbake, seier Santos.

Maria Souza Santos har eit liv i byen bak seg. I dag okkuperer ho jord med dei jordlause si rørsle, MST. (Foto: Mathilde Breda Enker ud)

Tidlegare eukalyptusjord

Merival Ferreira var tidligare ein eukalyptusplantasje eigd av selskapet Suzano. Åssidene der eukalyptusen tidligare ruva, står i dag hus side om side, og rommar heimane til 60 familiar. Der er ein skule og eit helsesenter. I dalbotnen beitar kyr og hestar saman og mellom restane av eukalyptusstubbane blir det dyrka økologiske grønsaker.

Midt i busettinga står MST-flagget og blafrar i vinden. Kvar morgon står MST-erar på rekke og rad, og helsar flagget, før dei vaksne går til kollektivt arbeid og ungane reiser på skulen. Merival Ferreira er bygd i fellesskap, jorda her er for alle.

– Eg visste ikkje kva jord var før eg kom hit, eg trudde den berre var til for å gå på. I dag veit eg, for eg dyrkar jorda. Eg har lært mykje. Jorda er produktiv, du tar eit frø, og det blir ei plante. Det er fantastisk. Her er vi frie. I dag kan eg gå ut å snakke med kven eg vill. Det kan du ikkje i byen. Eg var redd. Her kjenner eg alle. Det er ei viktig kjensle, å føle seg fri, seier Maria.

Movimento dos Trabalhadores Rurais Sem Terra(MST), dei jordlause si rørsle, er den største sosiale rørsla i Latin-Amerika. MST okkuperer jord som ikkje oppfyller sin sosiale funksjon, det vil seie jord som ikkje tener folket. All jord MST okkuperer går til den folkelige jordreforma. I dag bur i følgje MST sirka 350 000 familiar på jord okkupert gjennom kampen. 
Vilde Gjerde Lied
Student og aktivist i Latin -Amerikagruppene i Norge (LAG)
Land