Udemokratiske gjestar på OFF

Oslo Freedom Forum (OFF) fortsett å bruke menneskerettar til å fordekke ein ideologisk agenda for Latin-Amerika. I år igjen.

Oslo Freedom Forum 2013 går inn i sin siste dag i dag. For femte år på rad har Oslo Freedom Forum fortsett sin ideologiske framstilling av menneskerettar i Latin-Amerika. Det som er påfallande når me ser på gjestane frå regionen desse fem åra, er at alle er maktpersonar og bråkmakarar som har peika ut venstrelente regjeringar og organisasjonar som største fiende. Fleire av dei har bidrege til, eller støtta, kupp av demokratisk valde regjeringar.

Blant dagens innleiarar er utanrikskommentatoren James Kirchick frå USA. Dei siste åra har han støtta ulike typar menneskerettsbrot. Då militæret kuppa den demokratiske regjeringa i Honduras i 2009 og sette inn landets rikaste mann, Roberto Micheletti som erstatning, raste Kirchick mot Clinton og Obama fordi dei fordømte kuppet. Han meinte dei «valde feil side», og kritiserte samstundes forsvarsdepartementet for å fryse støtta til det honduranske militæret. Om lag samstundes starta militæret å skyte mot massedemonstrasjonane, og i månadane som følgde nytta dei tortur, drap og massiv vald mot demonstrantar. Kirchick gjentok kritikken tre månader seinare, då alt dette var kjend, og nær sagt ingen på den vestlege halvkule anerkjende regjeringa til Micheletti.

Kirchick går også langt i å forsvare og bagatellisere tortur på Guantanamo. I ein debatt frå 2009 fortel han at det riktige er å først spørje kva ein får ut av å nytte slike teknikkar, og at konservative ikkje har noko å tape på å støtte det. På ti-årsdagen for krigen i Irak nytta han også høvet til å støtte krigen.

I tillegg til Kirchick vart det òg annonsera ein ny gjest på måndag, dagen konferansen starta. Mannen heiter Julio Borges, og var ein nøkkelperson under kuppforsøket i Venezuela i 2002. 

Oslo Freedom Forum held konsekvent bakgrunnen til kontroversielle gjestar skjult, men vil du bli betre kjend med Borges kan du sjå filmen som Manifest Analyse laga for å vise kva folk som var invitera som gjestar i 2010. Borges er mannen som leser opp bodskapen om at alle demokratiske organ må oppløysast, 1:30 min inn i filmen.

Er dette verkeleg heroes of human rights?