Giftig omdømme

Gruvesselskapet GoldCorp, som har forgifta Siriadalen i Honduras, erklærer seg sjølv som forgjengar for samfunnsansvar. No står kampen om gruvelovane.

«Me i Goldcorp meiner at å vere ein god partner er å vere ein god nabo. Difor gløymer me aldri, kvar enn me jobbar, at me er inviterte gjestar.»

Slik opnar forteljarstemma til Goldcorp filmsnutten som skal syne oss kor fint det står til i det etterlatne dagbrotet i Honduras. Gruveselskapet har donert området til ei stifting dei har oppretta sjølv, og no finns der både husdyr, fiskeoppdrett, og til og med eit økosenter med hotell. Filmsnutten fortel oss at driftsavviklinga er ei særleg viktig fase for selskapet, og at dagbrotet San Martin er eit eksemplarisk døme på korleis selskapet skapar berekraftig velstand for nabolaget der dei opererer. Nærmiljøet slik det ligg igjen er visst nok til heider for selskapet.

Når Goldcorp opnar økosenter i si eiga giftgryte, vitnar det om at dei er frampå for å redde omdømmet. Det har nemleg vorte vanskelegare å selje draumen om å få gullet sitt utvunne av kanadiske gruveselskap dei siste åra. Goldcorp har difor litt ekstra fokus på «selskapet sitt samfunnsansvar» (corporate social responsibility) for å redde ryet til både seg sjølv og næringa. Det er i seg sjølv litt søtt med økopark i giftgryte, men som me skal sjå er «selskapet sitt samfunnsansvar» del av ein større offensiv for investeringsvenlege reformer.

Siger for motstandsrørsla

Mykje av æra for gruveselskapa sine vanskar har Miljøkomiteen i Siriadalen. Miljøkomiteen og Goldcorp er nemleg samde om at San Martin er eit talande døme på denne type næring, men det var Miljøkomiteen sin versjon av historia som først fekk dominera. Straks dagbrotet var etablert i 2000 forsvann vassresursane, og få år etter var det ei dramatisk auke i helseplager knyta til tungmetall. I ein kjempeinnsats for å gjere desse erfaringene kjende vart dei eit slags lokomotiv for gruvemotstand i Mellom-Amerika.

Miljøkomiteen sin offensiv var aldri nok til å stengje gruva, men dei fekk raskt politiske resultat. I 2006 nådde Miljøkomiteen ein stor siger i høgsterett, då gruvelovene vart erklært grunnlivsstridige. Med Manuel Zelaya i regjering frå same år fekk dei til slutt fram eit progressivt lovforslag med totalforbod dagbrot. Lovforslaget vart lagt fram i mai 2009, men ein drøy månad etter sette presidentkuppet punktum for denne og andre liknande prosessar.

Diffuse støtteerklæringar

Like etter kuppet slo Canada tilbake med imperialistisk kraft, og «selskapet sitt samfunnsansvar» synte seg å handle om meir enn ein søt økopark. Canada var av dei som gjekk langt i å gi ei slags kryptisk støtte til kuppet. Dagen etter oppmoda regjeringa «alle partar til å vere tilbakehaldne og søkje ei fredeleg framferd», som om ansvaret for det som hadde hendt var delt mellom partane på noko vis. I innsatsen for å påverke OAS sine straffetiltak ville regjeringa nok ei gong omplassere skuld då dei sa at «Kuppet var verkeleg ei fornærming mot regionen, med det er ein bakgrunn for det som hendte… Ein må ha ei forståing for hendingane som leia opp mot kuppet». Kva dei viser til er opp til oss å tolke, men me får tru det var noko i politikken dei meinte var uakseptabelt. Det som særleg må ha plaga Canada er dei føreslåtte gruvelovene, og etter kuppet har dei vore ivrige etter å ta del i lovskrivinga.

Canada slår tilbake

Forslag til ny gruvelov kom i januar i år, med gode utsikter for gruvebransjen. Om lag samtidig vart det erklært eit diplomatisk samarbeid på høgt nivå mellom Canada og Honduras om «selskapet sitt samfunnsansvar». Med canadiske midlar sit det no canadiske konsulentar som går i gjennom gruvelova for å «sørgje for at den når minstekrava for internasjonal standard, og at canadiske erfaringar kjem til syne i lova». Sivilsamfunnet protesterer høglydt for å ha vorte tilsidesett i prosessen til fordel for canadiske diplomatar. Lova vert skriven bak lukka dører, og canadiske selskap som står for nesten halvparten av dei rundt 200 konsesjonssøknadane kan håpe på ei lovande framtid. Denne gongen ser det ut til at djevelen ikkje sit i detaljane, men i alt som står under overskrifta.

Tore Isungset Støve, Hondurasgruppa i LAG
Land