Liv kan ikkje patenterast

Bolivia har foreslått større endringar av avtaleteksten i WTO som omhandlar patentering.

Bolivia har lenge kjempa for eit internasjonalt patentregime som respekterar liv og tradisjonell kunnskap. Denne våren pågår det intensive forhandlingar på alle område i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) med mål om å konkludere Doha runden iløpet av året. Dei omstridte tekstane frå 2008 ligg til grunn for forhandlingane og skal me tre norske styresmakter er det stor semje om desse tekstane også blant utviklingsland.

Patentrettar er regulert gjennom WTO av TRIPS avtala. Ein av dei artiklane i avtala som har vakt mest debatt er artikkel 27.3. Ifølgje artikkel 27.3 skal medlemsland i WTO legge til rette for patent på mikroorganismar, mikrobiologiske prosessar og ikkje-biologiske prosessar. Artikkelen opnar for patentering av planter og dyr.

TRIPS og artikkel 27.3 har blitt kritisert for å føre til konsentrert privat kontroll over liv i form av at nokon få transnasjonale selskap har eigedomsrett til planter og dyr.Kombinasjonen av markedskonsentrasjon og høvet til å patentere har lagt grunnlaget for ei omfattande overtaking av genetiske ressursar og frø av enkelte transnasjonale selskap. Dette har ført til konsentrasjon av selskapsmakt, høge kostnadar, auka matvareprisarleading to concentrated corporate power, high costs, an increase of food prices, hemming av jordbruksutvikling og underminering av bønders rettar. I Bolivia i 2005, til dømes, stod eit einskild amerikansk selskap for 90 søksmål mot lokale bønder.  

67 prosent av frømarkedet er kontrollert av transnasjonale selskap. Eit einskild selskap kontrollerar ein fjerdedel aleine og i ein spesifik agrokjemisk sektor kontrollerar eit selskap omlag 40 prosent aleine.

Få internasjonale avtaler har vore så omdiskutert som TRIPS og fleire utviklingsland som India har stått i spissen for ei avtale som gjev større handlingsrom og respekt for liv. Når USA og Kina no sit i bilaterale forhandlingar for å finne ut om dei kan bli samde om eit fullstendig handelsrammeverk i WTO er det dessverre ikkje TRIPS som står høgast på agendaen. Bolivia har imidlertid bidrege til nok ei gong å setje TRIPS på dagsorden, og har i tråd med den nye grunnlova si kome med konkrete endringsforslag til TRIPS og artikkel 27.3. Så gjenstår det å sjå om stormaktene bryr seg med forslaget som set liv over kapital.  

Heidi Lundeberg
Land