Haiti ligg i ruinar

Årsakene til at det har gått så gale på Haiti denne gongen er mange. Ikkje berre er landet av dei absolutt fattigaste i verda, men også opp gjennom tidene eit av dei mest utplyndra.

Haiti er i ruinar etter det kraftigaste jordskjelvet haitianarane har hatt på over 200 år. Med eit grunt skjelv på 7.0 på richters skala med episenter omlag 2 mil utanfor hovudstaden Port au Prince, gjordre at øydeleggingane er enorme. Det diverre ikkje rart at dette er noko av dei styggaste konsekvensane ein har sett av eit jordskjelv på svært lenge. Årsakene til at det har gått så gale på Haiti denne gongen er mange. Den mektige jordskorpa sine røsler og at millionar av menneske nokon stader er så uheldige å ha livet sitt oppå skjøtane av desse jordplatene, kan lite gjerast med.

Det er i mellomtida andre ting som absolutt kan gjerast for å minske så mykje som mogeleg omfanget og førebu seg, når slike katastrofer inntreff.

Haiti er dømet på det værst tenkelege utgangspunkt ein kan tenkje seg når slike enorme ulykker hender. Ikkje berre er landet av dei absolutt fattigaste i verda, men også opp gjennom tidene eit av dei mest utplyndra. Av kven? Ja, det er mange aktørar som kan stille opp der.

Frankrike og USA har plyndra Haiti i årtider og støtta dei værste diktatorar. 'Papa og Baby Doc' Duvalier sat ved makta i 29 år før Baby Doc vart jaga i 1986.

På 1980-talet gjennomførte Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet harde strukturtilpasningsprogram der økonomien vart liberalisert og tollvernet brote ned. Bøndene kunne ikkje konkurrera med billig "dumpa" matvarer på den haitiske marknaden frå USA. Mange bønder mista levebrødet sitt, strøymde til byane og havna i slummen. Ein reknar med at 80 prosent av folket lever for under 2 dollar dagen, mens ein liten kvit elite på 1-2 prosent eig det meste av landet sine resursar.

Etter at den lovleg valde presidenten Jean-Bertrand Aristide vart kasta ut av landet i 2004, med fransk og amerikansk innblanding og økonomiske sanksjonar, har FN med sin "stabiliseringmisjon" MINUSTAH vore i landet. Rene Preval, ein tidlegare alliert av Aristide, har vore president sidan 2006. Ingen nemeverdig utvikling har hendt i denne perioden heller.

Folket er desperat etter hjelp frå verdssamfunnet no, og verda må stille opp. Etter at blitslampene er skrudd av etter jordskjelvet, er

spørsmålet: Skal nok ei gong Haiti verte gløymd i si fattigdom, årsaka av vestleg kapitalisme og eliten sin grådigheit? Det haitiske folk er eit hardt prøva, men stolt folk, og krever at landet vert skikkeleg bygt opp. Ikkje på kapitalen, men på folket sine premissar!

Innlegget stod på trykk i Bergensavisen 19.01.10

 

 

Ivar Jørdre, medlem i LAG Bergen
Land