ALBA-TCP

15. til 17. oktober 2009 vart Det første stormøtet for Rådet av dei Sosiale Rørslene for ALBA-TCP haldt i Cochabamba. Her vart medlemmane av dei sosiale rørslene i Bolivia og fleire andre ALBA-land som Cuba, Ecuador, Nicaragua og Honduras samla for å utarbeide ein felles plattform og politikk for å betre samarbeid mellom grasrota og storpolitikken i ALBA-TCP. Ein kan spørje seg om dette er reell politisk påverknad frå dei sosiale rørslene eller om denne deltakinga berre er eit spel for galleriet for å gje ALBA-TCP eit demokratisk bilete utad.

Kva er ALBA-TCP?

På godt norsk står ALBA-TCP for Den Bolivaranske Alliansen for Folka i Vårt Amerika - Folkets Alternative Handelsavtale. På godt spansk står ALBA-TCP for Alianza Bolivariana para los Pueblos de Nuestra América - Tratado de Comercio de los Pueblos.  ALBA-TCP er ein alternativ handelsavtale til ALCA, ein frihandelsavtale der USA har vore den sterkaste pådriveren for samarbeid i Amerika.  Medan ALCA sitt mål ifølge ALBA-TCP sine nettsider er å tene interessene til nyliberalsime og transnasjonal kapitalisme gjennom frihandel, er ALBA-TCP sitt mål regionalt samarbeid i Latin-Amerika og Karibien, samt å fremje interessene til dei latin-amerikanske folka ved å løysrive seg frå USA sin maktdominans. ALBA-TCP vart føreslått og grunnlagt av den venezuelanske regjeringa leia av Hugo Chavez i 2004, og bestod først av ein allianse berre mellom Venezuela og Cuba. I dag har ALBA-TCP ni medlemsstatar frå Latin-Amerika og Karibien, der Bolivia vart tredje medlemsland då dei gjekk med i avtalen i 2006. Medlemslanda i ALBA-TCP har også som mål å fremje nasjonal så vel som regional utvikling i forhold til å utrydde fattigdom, utjamne sosial ulikskap i samfunnet, og sikre auka livskvalitet for sine borgarar.  Avtalen omfattar eit fokus på eit nytt politisk leiarskap i tillegg til økonomisk, sosialt, og militært samarbeid. ALBA-TCP søker også legitimitet ved at den hevdar å vere  grunnlagt på dei sosiale rørslene, organisasjonane og dei nasjonale kampanjene i medlemslanda, spesielt i Bolvia og Venezuela, i form  av at desse møtes i eit råd før viktige statsleiarmøter. Ideen om at ALBA-TCP sine toppleiarar skal leiast av eit slikt råd har og vore med under utviklinga av ALBA-TCP sidan dette forslaget vart fremja under Verdas Sosiale Forum i 2006.

 

Det første stormøtet for Rådet av dei Sosiale Rørslene for ALBA-TCP

15. til 17. Oktober 2009 vart Det første stormøtet for Rådet av dei Sosiale Rørslene for ALBA-TCP haldt i Cochabamba.  Her vart medlemmane av dei sosiale rørslene i Bolivia og flere andre ALBA-land som Cuba, Ecuador, Nicaragua og Honduras samla for å utarbeide ein felles plattform og eit dokument som skulle overrekkast presidentane i dei respektive  medlemslanda før det niande møtet mellom statseleiararne i ALBA. Dei sosiale rørslene i Bolivia var representert ved bondeorganisasjonar, kvinneorganisasjonar, ungdomsorganisasjonar, rørsla for dei utan jord, fagforeiningar og ulike internasjonale støttespelarar. Eit fokus under stormøtet var på dei “10 bod for å redde planeten, menneskeheten og livet” - 10 miljøbod, som viser eit stort miljøfokus i denne regionale handelsavtalen og korleis det kan finnast faktorar viktigare enn akkumulering av kapital i ein handelsavtale. Andre viktige aspekt ved møtet er nettverksskaping på tvers av landegrenser, og å styrke kommunikasjonsmekanismar for at fleire sider skal komme fram i viktige diskusjonar.  Eit viktig fokus var og kamp for fred ved ynskje om å kaste ut alle USA-amerikanske militaerbasar frå Colombia, Latin-Amerika og resten av verda. Evo Morales stod til dømes på talarstolen under møtet mellom statsleiarane og dei sosiale rørslene og kravde at fredsprisvinnar Obama skulle trekke alle militaerbasane sine ut av Latin-Amerika og oppheve blokkaden av Cuba for at han skulle kunne bli noko i nærleikan av ein verdig vinnar av denne prisen.

 

Solidaritet i praksis?

Eit tema som det vart snakka relativt lite, i alle fall opent om, på stormøtet var den nye ALBA-valutaen SUCRE. Det vart sagt at rådet skulle støtte overgangen til denne internasjonale valutaen fremja av medlemslanda i ALBA-TCP og UNASUR. SUCRE (Sistema Único de Compensación Regional) kan oversetjast til Einskapleg System for Regional Kompensasjon og er ein virituell valuta som medlemslanda I ALBA i april 2009 vart eininge om skal inførast I regionen. Ideen er at den skal gjere regionen meir uavhengig av USA og den amerikanske dollaren.  Den skal innførast som virituell valuta på same måte som euroen først vart innført i EU i 1999. Det kan vere grunn til å spørje seg om dette er noko som kjem til å fungere og om medlemslanda i ALBA-TCP til dømes har sterk nok økonomi til å oppretthalde SUCRE-valutaen som eit reelt valuta-alternativ. På ei anna side kan ein kanskje seie at dette er solidaritet i praksis om solidariteten mellom ALBA-TCP-landa er sterk nok til å støtte opp under kvarandre sine eventuelle økonomiske nedgangstider. Både i forhold til spørsmål om korleis dette skal fungere, og i forhold til spørsmål om dei sosiale rørslene i medlemslanda har reell politisk påverknad kan ein kanskje seie at om det lukkast vil det vere solidaritet i praksis og demokratisering av regionen. I det minste ser ALBA-TCP ut som det kan vere eit alternativ til eksisterande system, og eit forsøk på ein ny måte å drive handel på. 

Hanna Kvamsås
Land