Urfolksmassakre i Peru

Meir enn 30 peruanarar med urfolksbakgrunn er drepne i samanstøt med politiet. Urfolksgruppene demonstrerar mot liberalisering av ressursforvaltninga.

Urfolksgruppene sin fredelige demonstrasjon endte i blobad då president Alan Garcia sette inn militære styrkar fredag. Eit nettverk av urfolksgrupper har i ein og en halv månas demonstrert mot regjeringa si liberalisering av ressursforvaltninga. Utan å konsultere seg med urfolksgruppene har regjeringa innført dekret 1090 som opnar for ytterligare liberalisering av naturressursforvaltninga. Med dekretet får transnasjonale selskap innan olje-, gass- og gruvesektoren tilgang til nye område i Amazonas. Dekretet vart innført i samme periode som Peru inngjekk en omfattende frihandelsavtale med USA. Frihandelsavtala har møtt stor motstand blant peruanske sivilsamfunnsorganisasjonar, deriblant urfolksgrupper. Urfolksgruppene fryktar at private selskap aitt innpass i regnskogen trugar livsgrunnlaget deira

Urfolksgrupper har protestert mot denne politikken i ein og ein halv månad ved å sperre vegnettet. Regjeringa viste imidlertid ingen vilje til dialog, men satte fredag inn militære styrkar for å fjerne vegsperringane. Militæret skaut på demonstrantane med skarpe skyts, og demonstrantane svara med spyd. Iløpet av helga vart over 20 politimenn og meir enn 30 demonstrantar drepne. Svært mange er skada. Ein fredeleg demonstrasjon vart ein tragedie. Leiaren av demonstrasjonane, Alberto Pizango, uttalte til Telesur at urfolksgruppene ser på sammenstøtet som eit folkemord: "Me har rørt oss fredeleg i 45 dagar og forutsåg ikkje denne reaksjonen, i allefall ikkje at angrepet skulle kome både frå lufta og bakken. Regjeringa bruka militære våpen som om me skulle ha vore forbryterar. Som urfolk anklager me regjeringa for å ha begått folkemord."

Demonstrantane har fått stor støtte fra peruanske organisasjonar, men også frå internasjonalt hald. Regjeringa viser imidlertid ingen vilje til dialog, men anklagar demonstrantene for å oppføre seg som terroristar.

Les meir på:

http://www.klassekampen.no/56147/article/item/null

http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artikkel.php?artid=554599 

Daglig leder Heidi Lundeberg
Land