Fredsprosessen i Guatemala og Colombia

​Latin-Amerikagruppene i Norge inviterer sammen med SAIH Tromsø til møte om fredsavtalar i Latin-Amerika, for å løfte fram sivilsamfunnet si stemme. 

I august vart ein fredsavtale endeleg underskriven i Colombia, medan ein i år markerer 20 for fredsavtalen i Guatemala. Aktivistane Martha Lucía Rodriguez, Dorothea Tista de León og Angélica Ortíz Sales kjem for å fortelle om bonde- og grasrotorganisasjonar sitt syn på fredsavtalane i dei to landa.
Det blir ingen reell fred dersom fredsavtalen ikkje tek tak i dei bakanforliggande årsakene for den væpna konflikta. Aktivistane og deira organisasjonar krev fleirnasjonale statar med rettferdig fordeling av økonomiske resurssar og respekt for både menneske og natur.

Til tross for 20 år med fred på papiret er det svært lite som har endra seg i Guatemala. Dersom sivilsamfunnet ikkje samlar seg i Colombia kan dette fort bli tilfelle der også.

Vel møtt til møte. Du kan lese meir om Latin-Amerikagruppene i Tromsø og vårt utvekslngsprosjekt på våre nettsider: http://www.latin-amerikagruppene.no/

Vi serverer kaffe og boller! :)

5. oktober, kl. 16:30-18:00
LAG og SAIH Tromsø
Nedre Lysthus - Mandela auditorium (UiT)
Facebook